• Aldersgruppe: Voksen
  • Utgitt: 2009
  • Innbinding: Innbundet
  • Sideantall: 240
  • Målform: Nynorsk
  • ISBN: 9788281782945
Bok

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu... II

av Oddgeir Bruaset

Dette er ei reise til dei mest avsidesliggjande stadene i Noreg og folket som bur der. Alle vi møter, har det til felles at dei har gjort eit bevisst val om å bu i utkanten, og dei har gjort det fordi dei trur dei på denne måten får mest ut av livet. Men for å kunne greie seg må dei vere psykisk sterke, sjølvhjelpte og ha evne til å løyse problema på eiga hand. Mange gjev dessutan avkall på mykje av den komforten som dei fleste av oss søkjer. I staden for å stresse for å tene mest mogleg, får desse menneska tid til å tenkje, tid til å leve, til å kjenne etter korleis det er å vere menneske. Det er vel verdt å lytte til tankane og oppfatningane deira, for kanskje er det dei, meir enn oss, som har funne livslykka, seier forfattaren.
 
Boka er basert på ein av dei mest populære fjernsynsseriane i nyare tid, ”Der ingen skulle tru at nokon kunne bu”. På det meste har 1,2 millionar sjåarar følgt programma. I 2005 skreiv Bruaset den første boka som var bygd på serien. Dette er oppfølgjaren, som handlar om nokre av dei mest interessante stadene og menneska frå dei siste fire åra. I tillegg til at lesarane vil kjenne att det dei har sett på fjernsyn, får dei vite mykje meir enn det programma gav plass til.
 
 
Kr 298,-
  • Aldersgruppe: Voksen
  • Utgitt: 2009
  • Innbinding: Innbundet
  • Sideantall: 240
  • Målform: Nynorsk
  • ISBN: 9788281782945

Kundeanmeldelser

0
Ingen anmeldelser
Skriv en anmeldelse av produktet